Gå stille inn i Getsemane



Getsemane

Gå stille inn i Getsemane
heilag den staden er.
Her, i mellom dei gamle tre,...
kjem du din Frelsar nær.

Gå stille inn i Getsemane,
stille, i audmjuk tru.
Ser du Frelsaren sig i kne,
knuga av angst og gru.

Her han møttes med svik og nid,
han som var god og sann
Her han stridde den tyngste strid,
her han sin siger vann.

Her han valde å ta vår nød ,
bere vår synd og skam,
her han brytast som Livets brød,
Frelsaren vår, Guds Lam.

Gå stille inn i Getsemane,
gå der i takk og bøn.
Om du der bøyer hjartans kne,
vert du hans sigerløn.

Johan Sorknes

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Kategorier

Arkiv

hits