hits

Gjesteskribent i Bygdanytt: Grønt er meir enn ei farge!

Grønt er meir enn ei farge!

I år er det 31 år sidan eg melde meg inn i Natur og ungdom og heldt mine fyrste andaktar om at kyrkja burde engasjere seg i miljø og naturvern.  Den gongen var det ikkje så mange kyrkjeaktive som skreiv og snakka om miljø. Etter at eg heldt ein andakt om «vern av skaparverket» i 1986 blei eg tatt til side av ein bedehushøvding med beskjed om at dette ikkje var en sak for «ein kristen ungdomsorganisasjon». Det var ikkje heilt stuereint å vere grøn korkje i kyrkja eller i samfunnet elles.

I dag er dette heilt annleis: Verdas kyrkjer har miljø som ein hovudsak.

I Kamerun, der eg var misjonær, driv kyrkja «vår» store program mot klimaendring. Den norske kyrkja har gjort miljøarbeid til eit hovudsatsingsfelt, Bjørgvin Bispedømeråd har gjennom ein god del år hatt eit miljøutval,  og kyrkjelyden på Gjerstad har etablert ei gruppe som mellom anna arbeider med miljø.

Den same utviklinga har skjedd i politikken. Då eg byrja i kommune- og fylkespolitikken var innlegga mine om ny klimapolitikk, klimaplan og elbilar møtt med hovud-risting frå alle andre parti, alt  ifrå AP til Frp. 

I dag har òg dette endra seg. Alle parti med respekt for seg sjølv  har ein meir eller mindre aktiv miljøpolitikk. Sist inn i rekka er FrP; der partileiar Siv Jensen for ein månad sidan proklamerte at de skulle satse grønt og vinne miljøveljarar.

 

Det er fantastisk korleis ting går framover. Sidan det no er populært å vere grøn,  og sidan  alle erklærer seg som miljøvernarar, er det  på tide å tenke fleire nyansar. Noko av det eg har lært gjennom 30 år i miljørøyrsla er at grønt er så mangt. For det fyrste kan vi skilje mellom djupt og grunt miljøvern.

Det djupe miljøvernet meiner at vi må endre heile vår måte å tenke om oss sjølv og verda på, og gjere endringar både i våre private liv og i dei politiske strukturane slik at vi ikkje driv rovdrift på verdas økosystem. Vi må minke forbruket, reise mindre med fly og leve enklare.

Det grunne miljøvernet nøyer seg med å erstatte einskilde forureiningskjelder med løysingar som forureiner litt mindre: El-bilar framfor bensinbilar, el-fly framfor bensin-fly, papirnett framfor plastnett, miljøavgift på flybiletten og så vidare. Ideen om at vi  kan løyse problema ved å finne opp nye ting kallast òg «teknologi-optimisme».

Ein anna skilnad mellom ulike grøne fraksjonar handlar om kva ein meiner er verdt å ta vare på: nokre er opptekne av dyrevelferd, andre av artars overleving, andre igjen av naturområder og økosystem.  Nokre er bare opptekne av plast,  og andre kun av klima.

Når alle blir grøne er det stadig fleire meiningar om både korleis vi skal løyse miljøproblema, og kva som er viktige miljøproblem 

I 2018  er det ikkje lenger nok å proklamere seg som grønn. Vi må faktisk gruble litt, og velge kva vi meiner med å være «grøn» før vi omset ord til handling. Ein ta stilling til nyansane og ikkje berre hovudfarga.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar