hits

Kvifor eg har sagt ja til å stille til val på fylkestinget for KrF

 

Gode partikollega!

For de som ikkje kjennar meg heiter eg Tom Sverre Tomren, er far til fem «vaksne» jenter og bur på Osterøy. Eg er så heldig at eg no representerer KrF på fylkestinget i Hordaland.  I juni meldte eg meg nemleg over frå MDG til KrF. Eg var då  gruppeleiar for dei Grøne si tremannsgruppe på fylkestinget. Dette vil seie at eg sat (og sit) i Fylkesutvalet og i Fellesnemda som arbeider med samanslåinga av fylka. Etter at Pål Kårbø meldte overgang til Høgre er eg dermed paradoksalt nok den einaste i frå KrF Hordaland som sit i dei to øvste fylkesutvala . Eg sit i min 2. periode og såleis  vore 7 år på fylkestinget.

Då det var tid for første nominasjonsrunde var eg enno ikkje medlem av KrF, men vart kontakta av nominasjonsnemda før runde nr. 2 som no er i gang . I utgangspunktet tenke eg nok ikkje så hardt på holde fram med politikk, men etter nokre månader i KrF har motivasjonen kome tilbake for fullt.

På grunn av den korte tidsfristen før nominasjonsrunde 2 og det faktum at mange av dykk ikkje kjenner meg som KrF politikar, må eg være litt meir offensiv i å presentere meg enn det som kanskje ofte har vore vanlig i partiet. Eg sender difor denne eposten med litt informasjon så de sjølve får vurdere om eg kan være aktuell som fylkestingskandidat for KrF i neste periode:

Frå 2002 til 2007 var eg  folkevalt i Meland kommunestyre og lokallagsleiar for KrF. Etter endt periode  reiste eg og familien til Kamerun i misjonærteneste. I frå 2011 har eg altså vore fylkestingsrepresentant.

Familien Tomren i Kamerun ( les meir her)

I Kamerun fekk eg oppleve klimaendringane og lidingane den påførte avlingar og folk på nært hold, og eg opplevde at vi ikkje hadde noko parti som var fullt dedikert på miljø og klima i Noreg etter ar Bondevik gjekk av. Dette førte til at eg bestemte meg for å prøve å bidra med  på bygge  opp det den gang marginale partiet MDG. I 2011 flytta familien heim att til Noreg, og eg stilte til val for MDG. Eg vart valt inn i Meland kommunestyre og vart MDG sin første (og einaste) fylkestingsrepresentant for MDG i Noreg. Fire år etterpå tok eg attval, og MDG i Hordaland vart i 2015 større enn både V og SV .  I denne tida har eg vore gruppeleier for ei tremannsgruppe med sete både i fylkesutvalet og fellesnemda (utvalet som arbeider med å slå saman dei to fylkja) .

Dei grøne var i sterk vekst ( les meir her)

Mitt gamle parti MDG var i sterk vekst, og med mange nye medlemmar har partiet dreidd i ei meir verdi-liberalistisk og religionsskeptisk retning. På landsnivå gikk partiet inn for eggodonasjon, sentralstyret ville forby omskjering av gutar, og ein vil ikkje at den kristne kulturarven skal løftast fram i skulen og i samfunnet elles.  Eg såg klart at det norske samfunnet i større grad trengte folk som kunne stå opp for menneskeverdet og for dei kristne grunnverdiane, men det var ingen plass for dette i MDG. Alt i alt førte dette til slutt til at eg meldte meg inn att i KrF i juni. Eg kom til at eg kunne utrette meir for medmenneska og skaparverket som miljøengasjert KrF enn som kristen i eit stadig meir religionskritisk MDG.

Partitopp melder overgang til KrF

I løpet av sommaren har det skjedd mykje i KrF, og nokre har kanskje mista motet av all uroa, men for meg har det verka motsett. Eg har berre blitt meir og meir overtydd om at KrF er viktig, og at eg ynskjer å være med på å skape vekst i og for KrF. Eg har tenkt mykje på korleis eg best kan bruker erfaringane og eigenskapane mine optimalt til beste for KrF, og er sjølv overtydd om at det er gjennom fylkestinget, for KrF.

Dei som har følgt med i Hordalandspolitikken vil vite at eg fleire gonger har klart å få Fylkestinget med på gode og viktig vedtak gjennom argumentasjon og nye forslag, og at eg som opposisjonspolitikar har vore med på å dreie Hordaland fylkesting i ein meir miljøvenleg retning.  

Eg har brei utdanning, livserfaring og kompetanse og kjenner begge fylka godt. Ei av mine sterke sider er å bygge organisasjon, og eg ynskjer å ta del i arbeidet med å bygge KrF til eit sterkt og klårt parti i norsk politikk. Reint praktisk tenker eg at for meg lèt dette seg best gjere gjennom fylkestingsarbeidet.  Eg veit at de har fleire gode kandidatar å velje mellom, men stiller meg til partiet sin disposisjon i nye Vestland fylke.

 Av sakar  er eg oppteken av at KrF markerer dei kristne grunnverdiane både i politikk og i media.         I fylkespolitikken  handlar dette om menneskeverdet, familie og skule. likeverd og omsorgspolitikk, forvaltaransvaret, berekraftig desentralisert næringspolitikk og framtidsretta samferdselspoltikk.

Yrkesmessig er eg utdanna lærar og deretter prest, eg har leiarutdanning og ein doktorgrad i Etikk.

Eg jobbar i dag som førsteamanuensis på Høgskulen i Vestlandet ( HIVL) med KRLE-faget, og er med i to forskingsgrupper: «Religion og identitetsdanning» og  «Bærekraft i samfunn og skule». I tillegg er eg prostiprest i Hardanger og  Voss prosti i 20% . I den grad det er relevant er  eg fagforeiningsleiar for prestane (Presteforeininga) i Bjørgvin bispedøme.

Teologisk reknar eg meg sjølv som ein verdikonservativ teolog. De kan sjå CV?en min her.

Om de tar dykk bryet med å klikke på dei blå lenkene i denne eposten vil de få et breitt og godt grunnlag for å vurdere min kompetanse og mitt kandidatur. Sjølv håpar og trur eg at eg kan trekkje med meg ein del av dei som stemte på meg ved sist val da eg som listetopp fekk 1299 personstemmer og MDG fekk 4,7% av stemmen.

Eg stiller meg til teneste for KrF og håpar de vil bruke meg.

Med ynske om Guds signing i store val.

Tom Sverre Tomren

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar